tirsdag 30. desember 2008

The Winningteam!

Fjerde juledag var det klubbstemne i dressurriding på hestesenteret. Ingrid og Wendy vann klassa si og var kjempefornøgde etterpå. Dei fekk også delt førsteplass for kostyme.
Det var flotte sløyfer og premier til vinnarane:-)

Julegåver

Har sett at Strikkemor(o) blei utolmodig etter å vise fram julegåva ho gav meg, men tenkte eg måtte sette inn bilde av den likevel. Kjempeflott gåve! Posen inneholdt også to nøster Alpaca og eit nøste heklegarn.
Frå Lappetausa fekk eg denne flotte julebrikka.

mandag 15. desember 2008

Advents middag

Ekte chop-sticks kjøpt i Kina!
Det er greitt å ha middagsgjestar når gjestane tek med middagen. Tredje søndag i advent inviterte Strikkemor(o) og heile familen seg sjølve på middag. Vi hadde ein test middag der alle måtte ete med kinesiske chop-sticks tidlegare i haust. Dette blei ein stor suksess. Det var faktisk berre Strikkefar som kapitulerte og ba om kniv og gaffel. Vart reprise på det under middagen i går, men han holdt ut litt lenger:-)
Så no har vi visst italiensk minestronesuppeparty i romjula og kinamat i adventstida som fast tradisjon.

lørdag 15. november 2008

Over bekken etter garn...

Har vore i Danmark i 4 dagar denne veka, på messe og utstilling av meieriprodukt http://www.foodtech.dk/ . Var veldig interessant. Men våga ikkje å kome heim til Norge utan å ha med garn... Strikkemor(o) veit de... Heldigvis hadde vi tid til å shoppe 1 time i ein kjempestor butikk utanfor Vejle på veg til Taulov meieri. Fekk raska med meg fire buntar garn. Både Strikkemor(o) og Lappetausa holdt på å le seg ihel av kva eg hadde kjøpt. Garnet er kjøpt utan mål og meining så om det blir brukt til noko vil tida vise. Elles hadde eg dessverre god tid til å handle på Tax Free'n.

søndag 26. oktober 2008

Stille etter stormen...

Slike stormar som i går kveld og natt merkast godt hos oss som bur så nær fjorden. Bølgjene slo langt innover Sjøgata og inn på parkeringsplassen. Den vart delvis overfløymd og full av tang, tare og drivved.
Var ikkje alt som hamna på parkeringsplassen...

Omsider...

På utallige oppfordringar... endeleg nytt blogg-innlegg. Har laga ein del skjerf sidan sist, her er eit par av dei.Dette er laga i Viking Milk and Honey. Mønsteret er frå boka i forrige innlegg "Happy Hooker". Litt modifisert sjølvsagt, som det meste eg lagar:-) Det er visst nokre som ynskjer seg eit slikt skjerf til jul seier dei...
Dette skjerfet er laga i Viking pure MILK fiber og er eigenkomponert. Ikkje så veldig komplisert altså... Garnet som skal vere så bra for huda er perfekt til skjerf.

lørdag 27. september 2008

Det går i skjerf enno her...

Gjorde ferdig dette trekantskjerfet i dag på kaffibesøk hos Strikkemor(o). Er hekla i herleg alpakkagarn. Gjer underverk for stive skuldrar...
Byrja på eit nytt skjerf i dag (gjekk unna i kaffibesøket...) Mønsteret er sjølvsagt henta frå "The Happy Hooker". Ref forrige innlegg.

Pay back time...

Fekk denne kjempeflotte hekleboka som belønning etter at eg passa vesleguten til Strikkemor(o) medan ho var i London tidlegare i haust. Boka er kjøpt i Oxford Street.
Veldig mange gullkorn og fasinerande titlar i denne boka:-)

Denne artige kokeboka kjøpte Strikkemor(o) til meg i Notting Hill. Bokhandelen heiter "Books for Cooks" og sel berre kokebøker.

tirsdag 26. august 2008

Det går i skjerf...

Etter utallige oppfordringar... Her er bilda av skjerfa eg har hekla i det siste (det var Strikkemoro(o) som sette meg på denne bølgja...) Victor i Ruffle Cravat, lang variant. Som de ser var han ganske furten over å få på seg dette. Ikkje så rart kanskje:-D
Ruffle Cravat i Tuva garn. Kort variant med knapp.
Det var dårleg tilgang på modellar så her måtte stjernekikkerten trå til. For dei som har etterlyst bilde etter malinga ser de her litt av ein vegg i vinterhagen. Dette Noe Noa skjerfet er hekla i garnet som er laga av melkeprotein.
Her er eit anna Noe Noa skjerf hekla i Tuva med perler (bomma av Strikkemor(o) sjølvsagt). Held no på eit grått Noe Noa skjerf (jada eg har begynt på nytt igjen...)

fredag 15. august 2008

Nytt beite

I går var det tid for flytte hestane til nytt beite for siste gang før dei skal på stallen igjen. Og då må straumgjerda takast ned og settast opp att, men har begynt å få dreisen på det no.Jentene med hestane før dei blir flytta frå beitet til Strikkemor(o) & co. Her har dei hatt det kjempeflott i sommar. Men der ligg att ein del hestesko og gjødsel...Don og Wendy på det nye beitet der dei også var tidlegare i sommar. Her har det no kome masse nytt grønt gras.

fredag 18. juli 2008

Malingsprosjekt nr 2... Gult er ikkje kult lenger...


Når ein brukar masse pengar på hest er det greitt å ha arbeidsferie heime... Etter å ha vore veldig fornøgd med gulfargen i gulestova (frå 1993) i ganske mange år, var tida overmoden til å male oppatt. Fargen er ikkje kvit slik som den ser ut på bildet. Meir mot det grøne faktisk. Det er mykje arbeid, men håpar å bli ferdige snart slik at vi rekk ein liten tur også...

Malingsprosjekt nr 1...Frå Sesam Stasjon til tenåring

I tur og orden har dei to eldre søskena flytta ut av barnerommet og på nye rom, medan Helene sat att på Sesam Stasjonsrommet frå 1993... På høg tid med oppussing når jenta snart blir tenåring. Ho fekk bestemme farge og sjølv vere med på å male.
Strålande fornøgd jente med sitt nye lysegrøne rom:-)

torsdag 17. juli 2008

Så vart det to likevel...

Det gjekk som dei fleste spådde...Det var ingen veg utanom, vi måtte kjøpe ein hest til. Etter litt fram og tilbake vart det Wendy som Ingrid har passa sidan i vår, og som er venninna til Don. Både selgar, kjøpar og hest vart kjempefornøgde:-) Wendy er reinrasa welsh cob og fødd i Wales. Ho er mor til ein svært lovande hingst så det spørs om vi må byrje med avl òg no...

søndag 1. juni 2008

Det går rundt og rundt for Lillemø...

I Trondheim spiste kollegane mine og eg middag på restauranten på toppen av Tyholt-tårnet. Diskusjonane var ganske intense om kva som eigentleg gjekk rundt. Nokre var kanskje enno meir i villrede når måltidet var over... Brukte visst ca 1 time på ei runde.
Frå Tyholt-tårnet hadde vi flott utsikt til solnedgangen. Fotografert bak vindusruta sjølvsagt.

Lillemø utforskar dyrelivet

Denne veka har eg vore på farten i jobb-samanheng. To interessante turar vart det. Måndag på veg til Trondheim: beitande moskus observert litt før Oppdal.
På Oppdal: besøkte lokalbefolkinga og fekk sjå jerv. Utstoppa i tilfelle nokon skulle tvile. Denne jerven skal vere ein av dei største som er skotne i Norge.
Skulle hatt med fleire bilder frå dyreriket av det som vart observert og konsumert i Trondheim f.eks den velkjende Bamsemumsen. Kan forsikre lesarane om at den smakte nydeleg rett frå samlebandet! Herleg herleg, men farleg farleg...:-D
Tysdag på Strynefjellet: reinsdyr med kalv. Dette bildet tok eg med mobilen gjennom vindusruta på minibussen. Reinsdyrflokken gjekk heilt attmed vegen.
Onsdag: "Å jeg vet en seter med så mange gjeter". Idyll i Kandalen.

mandag 12. mai 2008

Heimveg og Lillemø til hest

Nedover måtte hestane gå mykje saktare. Utsikt ned til Eidsdalen.
Lillemø fekk ri på Wendy på nedoverturen, etter at verste bratta var unnagjort. Gjekk fint, men kjem vel til å kjenne litt til det i nokre dagar:-P

Fantefølgje til fjells...

I dag har nesten heile storfamilien med folk og fe (det vil seie to hestar og ein hund) vore på fjelltur til Fossane. Vèret var kjempeflott. Her har Don og Helene kvilepause. Målet kan skimtast langt bak i det blå. Det var travelt å halde følgje med hestane for oss som gjekk på to bein.
Her er vi komne opp til Fossesetra. Kunne ikkje gå lenger enn hit med hestane på grunn av snøen. Dei er litt tyngre enn oss andre...
Er dårleg med gras der snøen nettopp har smelta.
Ingrid og Wendy. Trollnykjen kan skimtast i bakgrunnen.
LilleMø og Don.

Konfirmasjon 11.mai

Søndag 11.mai var Øyvind staut konfirmant. Det vart ei triveleg familiefeiring med masse gjestar, god mat, flotte kaker og Lappetausa sine imponerande smørbrød!
Ingrid og Henning kosa seg på hotellet under middagen.
Det kjem til å bli litt av eit køyr når vi skal passe Henning til hausten når foreldra skal på Londontur...

torsdag 1. mai 2008

Kveldstur i Fossedalen


Tysdag kveld var Strikkemor(o), Victor og LilleMø på trimmetur i Fossedalen. Vi gjekk i joggesko og vart stoppa av snøen ved denne fossen. Det vil seie... Victor ville gjerne gå vidare. Han storkosa seg i snøen.

mandag 14. april 2008

Tenk at det er 20 år sidan...

I dag er det 20 år sidan Kristoffer vart fødd på Rikshospitalet i Oslo. 3710 gram og 52 cm. Hugsar det veldig godt. Var midt i eksamenstida og eg skulle lese på fødeavdelinga... Delte rom med 5 andre damer så det var ikkje lett.
Her skal vi ut på vår første trilletur i Skogveien på Ås.
Mormor kunne knapt vente med å kome på besøk til sitt første barnebarn og etter 14 lange dagar var ho på plass. Det kom godt med for unge og uerfarne foreldre. Her er ho akkurat like gamal som eg er no...

mandag 31. mars 2008

LilleMø fyller år...

Det er vel in i tida å ville kontrollere informasjonsflyten om seg sjølv i media. Ser at det figurerer bilder av meg på andre bloggar som eg ikkje kan sensurere. Fann det derfor på sin plass å kome med eit offisielt bilde teke i dag og ikkje for f.eks 5 år sidan....:-) .
Vil takke for alle helsingar på blogg, sms og tlf. For dei som har etterlyst selskap blir det om 2 veker når Kris blir 20 år...

fredag 21. mars 2008

Påske på terrassen

Victor er vel den einaste i familien som kosar seg i snøen denne påska...

Det går framover...

Det går framover med teppet. Fargekombinasjonane er største utfordringa, men dette skal vere eit resteteppe (= ufo teppe...). Det er lettare å hekle på ferja no når det er lyst kl 7 om morgonen. Men har byrja å merke alderen på synet (svart garn er slitsomt...) så no er det nummeret før progressive brilleglas trur eg:-(
Etter at Strikkemor(o) byrja å ymte frampå at slutten av teppet mitt kom til å ha desse fargane.... fann eg ut eg måtte skjerpe meg litt. No er bolen nesten ferdig. Så då er det berre armane att, og det er der det brukar å stoppe opp...





søndag 24. februar 2008

UFO tatt av bølgja...

Som eg skreiv i forrige innlegg skal no gamle ufo'ar resirkulerast og bli til fornybar energi (i allefall varme). Garnet eg har starta med å hekle opp er frå denne gensaren. Bolen er faktisk heilt ferdig, men vart aldri fullført, årsaka er kanskje openbar? Når Helene fekk sjå denne kunne ho fortelje at den var det gyseligaste ho nokon gang hadde sett og at den var ei fullstendig "motekrise"...:-) Trur dette er ein VM-gensar, men hugsar ikkje frå når. Finn ikkje mønsteret heller. Vart litt betenkt når eg såg at plastposen den låg i var frå matbutikken på Ås... min gamle studiestad som eg flytta frå hausten 1990. Hadde eigentleg tenkt å rekke opp heile greia, men det blir for mykje arbeid... og så er det litt synd òg så mykje arbeid som ligg bak. Planen no er å klippe opp og tove den. Har sydd rundt på maskin, men må dessverre feste hundrevis av trådar før eg kan starte med tovinga... Så då blir den kanskje til sitteunderlag eller gryteklutar:-)