mandag 15. desember 2008

Advents middag

Ekte chop-sticks kjøpt i Kina!
Det er greitt å ha middagsgjestar når gjestane tek med middagen. Tredje søndag i advent inviterte Strikkemor(o) og heile familen seg sjølve på middag. Vi hadde ein test middag der alle måtte ete med kinesiske chop-sticks tidlegare i haust. Dette blei ein stor suksess. Det var faktisk berre Strikkefar som kapitulerte og ba om kniv og gaffel. Vart reprise på det under middagen i går, men han holdt ut litt lenger:-)
Så no har vi visst italiensk minestronesuppeparty i romjula og kinamat i adventstida som fast tradisjon.

4 kommentarer:

Elin sa...

Nydeleg interiørbilde, og sikkert god mat...gledar meg til minestrona!

STRIKKEMOR(O) sa...

Fint bilde og maten var god, ja! Eg følte meg mykje meir vel med pinnane denne gongen!

Besta sa...

Her i familien har vi eit ordtak:Gjer du ein ting meir enn ein gong, blir det ein tradisjon.Vi har ein førjulstradisjon og det er julemiddag i november i samband med Nils sin fødselsdag.Nydelig interiørbilde, ser snurten av ein lampe eg kjenner att!

Hildegard sa...

Kjekt at de kan kose dykk i lag.
Du og LM-far og Kris skulle hatt både premie og juleglede frå familien for øvrig - slik de held ope hus for syskjenborn m.fl. etter skuletid og i helgar. Reine ungdomsklubben, spør du meg, og så sentralt!
Mamsen