onsdag 30. desember 2009

Årets vinnerlag

Her er vinnerlaget frå årets Minestronesuppe-party-quiz. Det var ein spesielt vanskeleg quiz i år så då var det ekstra kjekt å vinne:-)
Suppegryta holdt akkurat til 25 personar! Etterpå var det dessertar og kaker... som vanleg.

lørdag 26. desember 2009

Nytt sjal til jul


Var på besøk hos Strikkemor(o) i dag og nytta høvet å få ho til å fotografere sjalet eg vart ferdig med i går kveld. Dette heiter "Little Colonnade" og er strikka av eit nøste Spire.
Ynskjer alle framleis God Jul!

søndag 20. desember 2009

Den lisje jenta med den store stemmen...

Bilder frå Fjordablader: http://www.fjordabladet.no/index.cfm?event=doLink&famID=105614&frontFamID=84279



Ja, den kommentaren har vi høyrt mange gangar dei siste dagane. Torsdag var det juleavslutning for 9.kl i Operahuset. Eit kjempebra show med eit vidt spekter av innslag. Høgdepunktet for oss var når Helene debuterte som heavy metal vokalist:-D Bandet og ho framførte "Enter Sandman" av Metallica.
No er planane vidare klare med Ungdommens kulturmønstring som første utfordring.


Videoen er ikkje av heilt topp karakter, men ein får eit visst bilde av korleis det var. Trur eg var meir nervøs enn jenta:-D

Link til originalen med Metallica på You Tube: http://www.youtube.com/watch?v=1QP-SIW6iKY

søndag 15. november 2009

November



Lenge sidan forrige blogg-innlegg no... Tek sjansen på å sette inn bilder av meg nok ein gang sjølv om det er over grensa for eksponering etterkvart...men de får sjå på Victor:-) Denne jakka vart eg ferdig med for nokre veker sidan. Varm ulljakke i Alaska, og rask å strikke. Elles held eg på å lage julepresangar, men det er litt mindre prosjekt.
Interessant vèr for tida. Frå minus 6 grader fredag morgon og til pluss 15 grader på laurdag.

lørdag 3. oktober 2009

Endå ein vest




Denne var rask å lage og i eit kjempeherleg garn, Marks & Kattens Eco Multi Ull.

søndag 13. september 2009

Omsider...




Hadde besøk av Strikkemor(o) i kveld og då var det endeleg ei som ville ta bilde av vesten min:-)

søndag 9. august 2009

Tid for skjerf igjen...


Er for lengst ferdig med den brun/beige vesten, men har ikkje fått vaska og forma den skikkeleg enno, så då må bildet vente.
No er det kjekt å strikke litt småprosjekt igjen... Dette er eit skjerf i mønsteret Lacy Baktus (frå Strikkelise) i Opal, men passar best til blondiner trur eg:-) Kanskje det blir julepresang? Er godt i gang med skjerf nr 2 med same mønster, men anna garn og ein farge som passar betre til meg.

søndag 2. august 2009

Trollenykjen 899 m.o.h.

No nærmar ferien seg dessverre slutten. Vèret har ikkje vore mykje å skryte av, men i går vart det omsider litt fint igjen. Har lenge hatt som mål å komme meg ein tur på Trollenykjen, og i går kom vi oss endeleg av gårde. Turen opp var lengre enn eg hadde trudd, men gjekk veldig bra. Nedatt var derimot ganske slitsomt. Hadde gløymt stavane mine så siste delen nedover blei ein lidelse... Stiv og støl i dag òg, men utsikta frå fjelltoppen var fantastisk! Og då meiner eg ikkje av LilleMø altså:-D LilleMø på toppen og med Hyen-fjorden i bakgrunnen.
Victor ser ned på Lote.
Lote-Anda, og så Sandane innerst i fjorden.
Eidsfjorden.
Eidsdalen med Stigedalsvegen.

lørdag 25. juli 2009

Årets Strikkatrøye i Tour de France?

Trur eg ligg bra an til årets Strikkatrøye i TdF eller kva? Har riktignok ikkje brukt like lang tid som dei som syklar, men har slite meg over ein del fjellovergangar. Fantastiske naturbilder sjølv dei er litt vel magre tykkjer eg:-P

torsdag 23. juli 2009

Familiefotografering


Feriedagar kan brukast til så mangt... Forrige veke hadde vi familiefotografering hos den nye fotografen på staden. Måtte nytte høvet før eldstemann flytta heimafrå. Det var fotografering både ute og inne, og med forskjellige antrekk. Men resultatet vart bra, så då er vel faktisk julepresangane i boks allereie:-)

torsdag 16. juli 2009

Sommarjakka er ferdig!

Då var jakka ferdig. Kjekt å strikke mønster i berre ein farge, men kjedeleg å montere likevel... Men resultatet vart ganske bra tykkjer eg. Må vel besøke Strikkemor(o) i dag slik at eg kjem i gang med eit nytt prosjekt.

mandag 29. juni 2009

Victor 5 år i dag!

Elskar å bade....
Og å grave i sand og jord...
Dei to 5-åringane i familien likar godt å bade i lag. Og lyse i luggen er dei begge to:-)

søndag 28. juni 2009

Endeleg sommar!

Starta dagen med fotoseanse utanfor moloen. Det var veldig stor fjøre og flott for hestane å gallopere. Målet var å få tatt bilde av ho som var konfirmant i mai. Ho nektar nemleg å sende ut takkekort utan at hesten er med på bildet. Tok mange flotte bilde så no er det berre å få fullført prosjektet:-)


Etterpå var det bading og vafler hos Strikkemor(o). Ein fantastisk dag!:-)

tirsdag 16. juni 2009

På gamle tomter


Var på Ås igjen i forrige veke. Norges Landbruks Høgskole heiter no Universitetet for miljø og biovitenskap. De som besøkte oss på slutten av 80-talet kjenner vel att desse bygningane som ser ut akkurat som for 20 år sidan. Har mange minner frå studietida, men har gløymt mykje òg, og det er ikkje berre fag...:-)

søndag 31. mai 2009

Flyttedag...Til seters for å gjere seg feite.

Så var det tid for å vere hobbybønder igjen... Først sette vi opp elektrisk gjerde rundt heile beitet. Det gjekk heldigvis fint og vi fekk straum på. Deretter skulle alt hesteutstyret flyttast ut av stallen (elles må vi betale leige for sommaren òg...). Det vart fleire fulle billass.
Ut på kvelden var endeleg alt klart for å flytte hestane til beitet. Dei merka nok at noko var i gjære:-)
Her blir Wendy avkledd for å sleppast ut i det fri.
Don var skikkeleg målbevisst når han nærma seg beitet.
I år har Don og Wendy fått selskap på beitet av fjordingen Gobo. Det er litt spennande fordi dei ikkje kjenner han så godt. Men her helsar Don og Gobo på kvarandre. Det såg ut til å gå bra.
Idyll i det grøne med Wendy, Don og Gobo.

Eksamenstid

Kva er vel meir naturleg enn å byrje på eit nytt strikketøy når ein skal lese til eksamen??
Var på shopping med Strikkemor(o) i går. Hadde bestemt meg på førehand for mønster så det var berre å finne garn. Enda ikkje uventa opp med lilla.
Men onsdag skal eg ha eksamen i Prosjektleiing... Har faktisk lest litt, og det er faktisk ganske interessant.

søndag 24. mai 2009

Den store konfirmasjonen


Så var endeleg dagen komen for konfirmasjonen til Ingrid og Lars. Stemningsfullt og rørande i kyrkja. Tåredryppande under middagen og elles ein kjempeflott dag!

søndag 5. april 2009

Vesten er ferdig!

Då var vesten ferdig. Trur eg skal satse på eit lettare prosjekt no. Travelt å strikke asymetriske mønster på vranga... Men er godt nøgd med resultatet.

tirsdag 31. mars 2009

PS...

Vesten er forresten nesten ferdig...:-D
Har berre att å strikke kantar rundt ermhol og hals. Bilde kjem snart. Trur eg...

Livsteikn frå hovudstaden

Held for tida på med etterutdanning på Universitetet for miljø og biovitenskap på Ås.
Var litt i tvil om eg skulle våge å legge ut dette bildet, men tek sjansen på at ingen trur eg er innbilsk:-) For tenk at på denne merkedagen...:-O så hadde vi forelesning om geitmelk med min gamle professor og veileder. Og der dukka plutseleg dette opp i Power Point presentasjonen:-) Veit ikkje om han hadde det med berre fordi han visste at eg ville vere der, men er gjort lite forsking på dette området dei seinare år...

søndag 1. mars 2009

Opp i aust og ned i vest...?

Lenge sidan forrige innlegg, men har det travelt for tida... Enno meir enn vanleg. Er begynt på etterutdanning i to fag... Eit på UMB og eit på Folkeuniversitetet. Men har fått strikka litt. Dette garnet kjøpte eg med Strikkemor(o). Ho hadde laga verdens minste UFO. Lagt opp og strikka ein omgang:-D Men no blir det vest.
Blidet tok Strikkemor(o) på bloggtreff hos Lappetausa no fredag. Eg var skikkeleg sliten etter ein travel tur med Widerøe natta før. Kom heim halv tre natt til fredag...og på kurs neste dag. Lappetausa serverte deilig lasagne. Eg sløva mest på sofaen, medan syerskene styrte på med sitt.

søndag 25. januar 2009

Jenter med klare meinigar...

Straumsparing på grunn av dårleg kommune-økonomi er eitt heitt tema i bygda for tida. Jentene her i huset er som kjent ikkje tapt bak ei vogn. Så ein kveld denne veka medan eg var ute på tur med Victor (med hovudlykt...) hadde dei skrive og sendt lesarinnlegg til Fjordabladet. Og i laurdagsnummeret kom det på trykk.

søndag 18. januar 2009

UFO har landa etter laaang tid i Outer Space

Blei så inspirert etter at eg klarte å bli ferdig med gensaren til Helene at eg måtte grave i kista mi etter ein annan UFO. Har nok av dei:-* Visste sjølvsagt at eg hadde denne vesten liggande. Strikkemor(o) og eg starta på kvar vår ein gang for veldig lenge sidan. Strikkemor(o) seier at det må vere 7 år, men det kan eg ikkje forstå... Lurer forresten på om Strikkemor(o) er ferdig med sin?:-D
Frykta nesten at vesten kom til å hamne i kista att når eg skulle plukke opp masker til stolpane. Det var pyton å få rett masketal jamt fordelt, men gjekk vel nokolunde bra. Knappane fanne Strikkemor(o) og eg hos Eid Miljø, og dei passa perfekt. Vesten er strikka i pt5, men mønsteret er i pt4 så eg måtte gjere nokre tilpassingar, men er godt fornøgd med resultatet og fargen er midt i binken.

torsdag 1. januar 2009

Endeleg ferdig...

Hadde som mål at gensaren til Helene skulle bli ferdig i 2008 (før ho vaks ut av den), og natt til 31.desember vart eg endeleg ferdig. Mykje takka vere at eg i haust melde meg som vakt på Nattkafèn på Kyrkjetunet. Der har eg vakt kvar 5. fredagskveld og kan då faktisk sitte i ro store delar av kvelden og halde på med handarbeid.
Eg hadde heilt gløymt kor mykje arbeid det var å montere ein gensar. Blir nok veldig lenge til eg startar på eit slikt prosjekt igjen.