fredag 18. juli 2008

Malingsprosjekt nr 2... Gult er ikkje kult lenger...


Når ein brukar masse pengar på hest er det greitt å ha arbeidsferie heime... Etter å ha vore veldig fornøgd med gulfargen i gulestova (frå 1993) i ganske mange år, var tida overmoden til å male oppatt. Fargen er ikkje kvit slik som den ser ut på bildet. Meir mot det grøne faktisk. Det er mykje arbeid, men håpar å bli ferdige snart slik at vi rekk ein liten tur også...

Malingsprosjekt nr 1...Frå Sesam Stasjon til tenåring

I tur og orden har dei to eldre søskena flytta ut av barnerommet og på nye rom, medan Helene sat att på Sesam Stasjonsrommet frå 1993... På høg tid med oppussing når jenta snart blir tenåring. Ho fekk bestemme farge og sjølv vere med på å male.
Strålande fornøgd jente med sitt nye lysegrøne rom:-)

torsdag 17. juli 2008

Så vart det to likevel...

Det gjekk som dei fleste spådde...Det var ingen veg utanom, vi måtte kjøpe ein hest til. Etter litt fram og tilbake vart det Wendy som Ingrid har passa sidan i vår, og som er venninna til Don. Både selgar, kjøpar og hest vart kjempefornøgde:-) Wendy er reinrasa welsh cob og fødd i Wales. Ho er mor til ein svært lovande hingst så det spørs om vi må byrje med avl òg no...