søndag 31. mai 2009

Flyttedag...Til seters for å gjere seg feite.

Så var det tid for å vere hobbybønder igjen... Først sette vi opp elektrisk gjerde rundt heile beitet. Det gjekk heldigvis fint og vi fekk straum på. Deretter skulle alt hesteutstyret flyttast ut av stallen (elles må vi betale leige for sommaren òg...). Det vart fleire fulle billass.
Ut på kvelden var endeleg alt klart for å flytte hestane til beitet. Dei merka nok at noko var i gjære:-)
Her blir Wendy avkledd for å sleppast ut i det fri.
Don var skikkeleg målbevisst når han nærma seg beitet.
I år har Don og Wendy fått selskap på beitet av fjordingen Gobo. Det er litt spennande fordi dei ikkje kjenner han så godt. Men her helsar Don og Gobo på kvarandre. Det såg ut til å gå bra.
Idyll i det grøne med Wendy, Don og Gobo.

Eksamenstid

Kva er vel meir naturleg enn å byrje på eit nytt strikketøy når ein skal lese til eksamen??
Var på shopping med Strikkemor(o) i går. Hadde bestemt meg på førehand for mønster så det var berre å finne garn. Enda ikkje uventa opp med lilla.
Men onsdag skal eg ha eksamen i Prosjektleiing... Har faktisk lest litt, og det er faktisk ganske interessant.

søndag 24. mai 2009

Den store konfirmasjonen


Så var endeleg dagen komen for konfirmasjonen til Ingrid og Lars. Stemningsfullt og rørande i kyrkja. Tåredryppande under middagen og elles ein kjempeflott dag!