torsdag 28. juni 2007

Handballferie på Hamar

Det måtte ein skikkeleg husmor ferie til for at eg skulle kome ut av blogg-skapet. Har blitt utfordra mange gangar, og no er eg i gang etter å ha levd ein "Anonym" tilværelse på nokre bloggsider... Hadde med meg fleire UFO til Hamar i håp om at nokre av dei skulle lande. Men Strikkemor(o) har som vanleg lokka meg ut på glattisen med nye innkjøp (sjølv om Vikingsskipet ikkje er islagt på denne tid...) Håpar at det snart kan kome eit bilde av prosjektet eg har jobba med denne veka, då som fullførd:-)