
Det går framover med teppet. Fargekombinasjonane er største utfordringa, men dette skal vere eit resteteppe (= ufo teppe...). Det er lettare å hekle på ferja no når det er lyst kl 7 om morgonen. Men har byrja å merke alderen på synet (svart garn er slitsomt...) så no er det nummeret før progressive brilleglas trur eg:-(

Etter at Strikkemor(o) byrja å ymte frampå at slutten av teppet mitt kom til å ha desse fargane.... fann eg ut eg måtte skjerpe meg litt. No er bolen nesten ferdig. Så då er det berre armane att, og det er der det brukar å stoppe opp...
3 kommentarer:
Her var det framgang både med teppe og gensar! Teppet blir flott. Eg synest du har gjort ein god jobb så langt, for fargane du har å ta av er ikkje dei lettaste å sette saman!
Kjekt å sjå at du er i arbeid ...Med meg brukar det å stoppe opp på første erma, men får eg den ferdig, er det gjort.Teppet blir fint! Får så lyst å gjere handarbeid når eg ser alt det fine de lagar, men må passe skuldra litt,eistund enno.
Her har vore ein strålande dag i dag. Men eg har ikkje vore ute.Dessverre.
Du har vel strikka stor størrelse?
Jenta veks fort no og treng varme kle til rideturane, det kjem vel ein ny haust og vinter! Du får seie ifrå om du treng hjelp til monteringa. Teppet såg eg i går, det blir kjempefint.
mamsen
Legg inn en kommentar