tirsdag 26. august 2008
Det går i skjerf...
Etter utallige oppfordringar... Her er bilda av skjerfa eg har hekla i det siste (det var Strikkemoro(o) som sette meg på denne bølgja...)
Victor i Ruffle Cravat, lang variant. Som de ser var han ganske furten over å få på seg dette. Ikkje så rart kanskje:-D
Ruffle Cravat i Tuva garn. Kort variant med knapp.
Det var dårleg tilgang på modellar så her måtte stjernekikkerten trå til. For dei som har etterlyst bilde etter malinga ser de her litt av ein vegg i vinterhagen. Dette Noe Noa skjerfet er hekla i garnet som er laga av melkeprotein.
Her er eit anna Noe Noa skjerf hekla i Tuva med perler (bomma av Strikkemor(o) sjølvsagt). Held no på eit grått Noe Noa skjerf (jada eg har begynt på nytt igjen...)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
5 kommentarer:
Skal seie at du har skjerfa deg!Og så garn av melk! Hekla av Lille MØ-meir økologisk kan det ikkje bli. Trur eg må lære å hekle eg også-når det blir haust og vinter. Så lenge det er såpass fint har eg ikkje lyst å gjere noko. Kva heiter veggfargen forresten? Den ser veldig fin ut.
Eg likte godt den korte varianten med knapp. Kjekt at du har noko å henge fingrane i når du sit i ferjekø m.m. Faste har no litt tid på seg endå viss ho skal følgje opp farmor si hekling. Meiner at ho først byrja med sin produksjon som 70-åring?
Eidabesta
Fine skjerf, men varierande modell-kvalitet....
Kan knapt hugse mamma med noko særleg handarbeid før ho var "gammal".I litt yngre dagar var ho mykje plage med betennelse (?) i augo, så ho kunne ikkje halde på med stirande arbeid. Men skal seie ho tok det att seinare.
Eg likte spesielt godt det svarte og kvite skjerfet, og så blei eg litt interessert i den stjernekikkerten. Astronomar i familien?
det hdde vore finare vist du hadde vore lit meir til venstre
Legg inn en kommentar