
Det gjekk som dei fleste spådde...Det var ingen veg utanom, vi måtte kjøpe ein hest til. Etter litt fram og tilbake vart det Wendy som Ingrid har passa sidan i vår, og som er venninna til Don. Både selgar, kjøpar og hest vart kjempefornøgde:-) Wendy er reinrasa welsh cob og fødd i Wales. Ho er mor til ein svært lovande hingst så det spørs om vi må byrje med avl òg no...
2 kommentarer:
Wendy er ein fin firbeint ven. Ferieturen går vel i vasken, men pytt, pytt. LilleMø og gubben reiser masse i jobben, sikkert ikkje noko sakn.
Vi er no mest glade i Viktor - dykkar 4-beinte hundeven som vi passar med glede når det trengs.
mamsen
WEHOO!
Endelig ^^
Legg inn en kommentar