søndag 26. oktober 2008

Omsider...

På utallige oppfordringar... endeleg nytt blogg-innlegg. Har laga ein del skjerf sidan sist, her er eit par av dei.Dette er laga i Viking Milk and Honey. Mønsteret er frå boka i forrige innlegg "Happy Hooker". Litt modifisert sjølvsagt, som det meste eg lagar:-) Det er visst nokre som ynskjer seg eit slikt skjerf til jul seier dei...
Dette skjerfet er laga i Viking pure MILK fiber og er eigenkomponert. Ikkje så veldig komplisert altså... Garnet som skal vere så bra for huda er perfekt til skjerf.

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg synest det er artig at Lille Mø lagar skjerf av melk. Skjerfet frå HAPPY HOOKER såg eg i går, og det var veldig dekorativt, nesten som eit smykke eller i staden for eitt.Skjerfet i svart og kvitt ser lekkert ut.
Det var rart å stå opp til så fint og roleg ver i dag, etter det uveret som var i går kveld og i natt.

STRIKKEMOR(O) sa...

Endeleg eit nytt innlegg frå "Tause-Mø". Skjerfa er kjempefine!

Elin sa...

Tausa Tause Mø er heldig som får så mange oppfordringar... Men du og du, her blir det laga herlege ting, nesten så ein kan drikke dei...sidan dei er laga av melkegarn. Nesten naturstridig i ei verd der folk tyrstar og svelt!
Julegåver hmmmmmm...........