Har vore i Danmark i 4 dagar denne veka, på messe og utstilling av meieriprodukt http://www.foodtech.dk/ . Var veldig interessant. Men våga ikkje å kome heim til Norge utan å ha med garn... Strikkemor(o) veit de... Heldigvis hadde vi tid til å shoppe 1 time i ein kjempestor butikk utanfor Vejle på veg til Taulov meieri. Fekk raska med meg fire buntar garn. Både Strikkemor(o) og Lappetausa holdt på å le seg ihel av kva eg hadde kjøpt. Garnet er kjøpt utan mål og meining så om det blir brukt til noko vil tida vise. Elles hadde eg dessverre god tid til å handle på Tax Free'n.
2 kommentarer:
Artig garn, blir sikkert til noko fint - takk for "Gammel danske" til Eidabesten. Godt at han har ein angstfordrivar i bakhand! Koseleg besøk av deg og Viktor, Strikkemor og Lappetausa + dei to minste i familien i Alleen i dag.
Eidabesta
Det ser no ut til at garnet kan brukast til skjerf for eksempel. No veit eg ikkje kor mykje du kjøpte av kvar sort, då.
Legg inn en kommentar