tirsdag 26. august 2008
Det går i skjerf...
Etter utallige oppfordringar... Her er bilda av skjerfa eg har hekla i det siste (det var Strikkemoro(o) som sette meg på denne bølgja...)
Victor i Ruffle Cravat, lang variant. Som de ser var han ganske furten over å få på seg dette. Ikkje så rart kanskje:-D
Ruffle Cravat i Tuva garn. Kort variant med knapp.
Det var dårleg tilgang på modellar så her måtte stjernekikkerten trå til. For dei som har etterlyst bilde etter malinga ser de her litt av ein vegg i vinterhagen. Dette Noe Noa skjerfet er hekla i garnet som er laga av melkeprotein.
Her er eit anna Noe Noa skjerf hekla i Tuva med perler (bomma av Strikkemor(o) sjølvsagt). Held no på eit grått Noe Noa skjerf (jada eg har begynt på nytt igjen...)
fredag 15. august 2008
Nytt beite
I går var det tid for flytte hestane til nytt beite for siste gang før dei skal på stallen igjen. Og då må straumgjerda takast ned og settast opp att, men har begynt å få dreisen på det no.
Jentene med hestane før dei blir flytta frå beitet til Strikkemor(o) & co. Her har dei hatt det kjempeflott i sommar. Men der ligg att ein del hestesko og gjødsel...
Don og Wendy på det nye beitet der dei også var tidlegare i sommar. Her har det no kome masse nytt grønt gras.
Abonner på:
Innlegg (Atom)