søndag 25. januar 2009
Jenter med klare meinigar...
søndag 18. januar 2009
UFO har landa etter laaang tid i Outer Space
Blei så inspirert etter at eg klarte å bli ferdig med gensaren til Helene at eg måtte grave i kista mi etter ein annan UFO. Har nok av dei:-* Visste sjølvsagt at eg hadde denne vesten liggande. Strikkemor(o) og eg starta på kvar vår ein gang for veldig lenge sidan. Strikkemor(o) seier at det må vere 7 år, men det kan eg ikkje forstå... Lurer forresten på om Strikkemor(o) er ferdig med sin?:-DFrykta nesten at vesten kom til å hamne i kista att når eg skulle plukke opp masker til stolpane. Det var pyton å få rett masketal jamt fordelt, men gjekk vel nokolunde bra. Knappane fanne Strikkemor(o) og eg hos Eid Miljø, og dei passa perfekt. Vesten er strikka i pt5, men mønsteret er i pt4 så eg måtte gjere nokre tilpassingar, men er godt fornøgd med resultatet og fargen er midt i binken.
torsdag 1. januar 2009
Endeleg ferdig...
Eg hadde heilt gløymt kor mykje arbeid det var å montere ein gensar. Blir nok veldig lenge til eg startar på eit slikt prosjekt igjen.
tirsdag 30. desember 2008
The Winningteam!
Julegåver
mandag 15. desember 2008
Advents middag
Ekte chop-sticks kjøpt i Kina!
Det er greitt å ha middagsgjestar når gjestane tek med middagen. Tredje søndag i advent inviterte Strikkemor(o) og heile familen seg sjølve på middag. Vi hadde ein test middag der alle måtte ete med kinesiske chop-sticks tidlegare i haust. Dette blei ein stor suksess. Det var faktisk berre Strikkefar som kapitulerte og ba om kniv og gaffel. Vart reprise på det under middagen i går, men han holdt ut litt lenger:-)Så no har vi visst italiensk minestronesuppeparty i romjula og kinamat i adventstida som fast tradisjon.
lørdag 15. november 2008
Over bekken etter garn...
Har vore i Danmark i 4 dagar denne veka, på messe og utstilling av meieriprodukt http://www.foodtech.dk/ . Var veldig interessant. Men våga ikkje å kome heim til Norge utan å ha med garn... Strikkemor(o) veit de... Heldigvis hadde vi tid til å shoppe 1 time i ein kjempestor butikk utanfor Vejle på veg til Taulov meieri. Fekk raska med meg fire buntar garn. Både Strikkemor(o) og Lappetausa holdt på å le seg ihel av kva eg hadde kjøpt. Garnet er kjøpt utan mål og meining så om det blir brukt til noko vil tida vise. Elles hadde eg dessverre god tid til å handle på Tax Free'n.
Abonner på:
Innlegg (Atom)