Blei så inspirert etter at eg klarte å bli ferdig med gensaren til Helene at eg måtte grave i kista mi etter ein annan UFO. Har nok av dei:-* Visste sjølvsagt at eg hadde denne vesten liggande. Strikkemor(o) og eg starta på kvar vår ein gang for veldig lenge sidan. Strikkemor(o) seier at det må vere 7 år, men det kan eg ikkje forstå... Lurer forresten på om Strikkemor(o) er ferdig med sin?:-DFrykta nesten at vesten kom til å hamne i kista att når eg skulle plukke opp masker til stolpane. Det var pyton å få rett masketal jamt fordelt, men gjekk vel nokolunde bra. Knappane fanne Strikkemor(o) og eg hos Eid Miljø, og dei passa perfekt. Vesten er strikka i pt5, men mønsteret er i pt4 så eg måtte gjere nokre tilpassingar, men er godt fornøgd med resultatet og fargen er midt i binken.
5 kommentarer:
Kjempefin, gratulerer. Eg overtek gjerne når du er gått lei...
Den passar jo heilt perfekt. Gratulerer!
Veldig fin farge til deg!
Veldig fin vest som du kler godt. Gratulerer med ferdig prosjekt!Eg har ei jakke som har vore ferdigstrikka i meir enn ti år, men som aldri blir montert!Og ei som berre manglar knappar!
Varm og god vest som du kledde godt, kan også vere praktisk å ha under ei lett jakke på kjølege dagar. Eidabesta
Legg inn en kommentar