Endeleg kl 2 natt til i dag vart eg ferdig med jakka. Heilt utruleg..., men trur faktisk eg kjem til å sakne stjerneprosjektet. Var veldig mange hindringar undervegs, men resultatet vart slett ikkje verst. Kva eg no skal finne på veit eg ikkje. Har holdt på med litt oldemorsruter i det siste, men det blir ikkje utfordrande nok etter dette...søndag 18. november 2007
Jakka er ferdig!
Endeleg kl 2 natt til i dag vart eg ferdig med jakka. Heilt utruleg..., men trur faktisk eg kjem til å sakne stjerneprosjektet. Var veldig mange hindringar undervegs, men resultatet vart slett ikkje verst. Kva eg no skal finne på veit eg ikkje. Har holdt på med litt oldemorsruter i det siste, men det blir ikkje utfordrande nok etter dette...lørdag 6. oktober 2007
Lost and Found
Har streva i møkna på fleire måtar i det siste... Skrytte av kor godt det gjekk med armen i forrige innlegg, men der gjekk eg på ein skikkeleg smell gitt! Fekk etter kvart store problem med å få mønsteret til å stemme når eg skulle hekle rundt og auke samstundes. Streva lenge med å få det til, men ga opp til slutt. Byrja heilt på nytt slik at eg no heklar fram og tilbake igjen, og aukar når eg ser det passar inn...Neste nedtur vart når, ja tru det eller ei, tantekroken også forsvann inne i bilen ein stjerneklår morgon på ferja. Leita i fleire sprekker utan hell, og blei ganske fortvila. Men kroken var og blei vekke. Måtte til slutt finne fram ein gammal danske. Meiner den blei kjøpt på ferietur i Danmark heilt på byrjinga av 80-talet, men det hugsar kanskje Strikkemor(o) ? Er i allefall sikker på at ho hugsar kva den kosta.:-) (Må forresten bekjenne at eg har 2 gamle danskar, både Strikkemor(o) og LilleMø sin...) Etter å ha streva med den raude gamle dansken (med ein heilt håplaus krok) fann eg ut at eg måtte gjere eit nytt forsøk. Elles ville Luftslott problematikken på ny bli aktuell. Og tenk, etter diverse akrobatiske øvingar med lommelykt vart innsatsen krona med krok. And finally I can reach for the stars again.
tirsdag 25. september 2007
Arm i arm med stjerner i blikket
fredag 21. september 2007
Will it Never End?
tirsdag 11. september 2007
Reaching for the Stars
Victor (Begoras Morgenrush)
Tenkte det var på tide med ein skikkeleg presentasjon av midtpunktet i familen. Det er Helene som har tatt bilda av gullklumpen vår. Victor er ein 3 år gamal Golden Retriever. Han er både litt rampete, utspekulert, gløgg, snill og veldig glad i kos. Dessutan mykje betre enn eit abonnement på treningsstudio. Umogeleg å sitte i sofaen når denne karen tiggar om tur.
søndag 2. september 2007
Luftslott svevar framleis.

Har fått ein del bekymringsmeldingar angåande luftslottet mitt (=jakka som eg heklar). Kan berolige alle med at eg framleis har kroken i sving. Heklar kvar morgon og ettermiddag på ferja. Trass i eit kjedeleg uhell for eit par veker sidan då superkroken frå Danmark forsvann ned i sprekka ved handbremsa. Sjølv etter iherdig eigeninnsats og hjelpsom svoger ligg den framleis i sprekka. Der får den vere til neste gang bilen skal på service...
Abonner på:
Innlegg (Atom)
