tirsdag 11. september 2007

Reaching for the Stars

Etter mykje masing frå tanta, nesten på grensa til mistillit... kjem det no bilde av heklajakka med stjernemønster. Trass i at superreiskapen framleis ligg i sprekka (brukar no tanta sin velbrukte...) går det framover. Har delt arbeidet og er nesten ferdig med første framstykke. Er spent på korleis det kjem til å gå med ferjeheklinga utover hausten med mørke morgonar og ettermiddagar. Men det er vel berre å sikte seg inn mot ei ledestjerne og styre mot målet utan å gå seg vill i Melkeveien.

2 kommentarer:

Elin sa...

Så bra at det er framgong! Billetørane lurer vel og på korleis det går... Kanskje dei har ei råd mot fastklemde krokar, dei skal no greie å ordne det meste...

Anonym sa...

Merkeleg fasong på heklet, spanande å sjå korleis dette endar. Eg har nett montert ferdig mi jakke i holmønster, strikka i Mandarin som Strikkemor lokka meg til å starte på i fjor, tråden var kjøpt for ca 4 år sidan! Gled meg til å vise dykk den. bodilla