
Har fått ein del bekymringsmeldingar angåande luftslottet mitt (=jakka som eg heklar). Kan berolige alle med at eg framleis har kroken i sving. Heklar kvar morgon og ettermiddag på ferja. Trass i eit kjedeleg uhell for eit par veker sidan då superkroken frå Danmark forsvann ned i sprekka ved handbremsa. Sjølv etter iherdig eigeninnsats og hjelpsom svoger ligg den framleis i sprekka. Der får den vere til neste gang bilen skal på service...
2 kommentarer:
Snakk om å ha sprekk til besvær...Bra du er i aktivitet med kroken likevel, er det min du brukar framleis? Jaja, han blir no ikkje utsliten her, akkurat. Men hald godt fast...
Synd at superreiskapen sit fast i kløfta!
Legg inn en kommentar