lørdag 6. oktober 2007

Lost and Found

Har streva i møkna på fleire måtar i det siste... Skrytte av kor godt det gjekk med armen i forrige innlegg, men der gjekk eg på ein skikkeleg smell gitt! Fekk etter kvart store problem med å få mønsteret til å stemme når eg skulle hekle rundt og auke samstundes. Streva lenge med å få det til, men ga opp til slutt. Byrja heilt på nytt slik at eg no heklar fram og tilbake igjen, og aukar når eg ser det passar inn...
Neste nedtur vart når, ja tru det eller ei, tantekroken også forsvann inne i bilen ein stjerneklår morgon på ferja. Leita i fleire sprekker utan hell, og blei ganske fortvila. Men kroken var og blei vekke. Måtte til slutt finne fram ein gammal danske. Meiner den blei kjøpt på ferietur i Danmark heilt på byrjinga av 80-talet, men det hugsar kanskje Strikkemor(o) ? Er i allefall sikker på at ho hugsar kva den kosta.:-) (Må forresten bekjenne at eg har 2 gamle danskar, både Strikkemor(o) og LilleMø sin...) Etter å ha streva med den raude gamle dansken (med ein heilt håplaus krok) fann eg ut at eg måtte gjere eit nytt forsøk. Elles ville Luftslott problematikken på ny bli aktuell. Og tenk, etter diverse akrobatiske øvingar med lommelykt vart innsatsen krona med krok. And finally I can reach for the stars again.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Eg hadde heilt gløymt dei danske heklekrokane....Fælt kor dramatisk du har det på ferja. Kanskje du må begynne med hodelykt no når det er så mørkt! Hilde

Elin sa...

For eit forvirrande innlegg...dette er ikkje for gamle folk, trudde innlegget handla om noko drikkandes, men det var visst feil? Og kva for ein krok vart attfunnen, den nye danske eller tantekroken? Hm..........