

Ja, den kommentaren har vi høyrt mange gangar dei siste dagane. Torsdag var det juleavslutning for 9.kl i Operahuset. Eit kjempebra show med eit vidt spekter av innslag. Høgdepunktet for oss var når Helene debuterte som heavy metal vokalist:-D Bandet og ho framførte "Enter Sandman" av Metallica.
No er planane vidare klare med Ungdommens kulturmønstring som første utfordring.
Videoen er ikkje av heilt topp karakter, men ein får eit visst bilde av korleis det var. Trur eg var meir nervøs enn jenta:-D
Link til originalen med Metallica på You Tube: http://www.youtube.com/watch?v=1QP-SIW6iKY
3 kommentarer:
Gratulerer med den flinke jenta. Ante ikkje at ho hadde slike talentar! Har vore inne og kika på Fjordabladet før i dag, men det er vanskelig å kjenne att nokon på bilda med mange aktørar.Dessverre får vi ikkje høyre songen, for datamaskina vår nektar å gi lyd frå seg.
Dette er jo heilt fantastisk! Gratulerer!
Kjempebra, hadde ikkje trudd det var så flott, men så har jenta fått utfolda seg i heimen - og ikkje blitt hysja på, sjølv om lydnivået til tider kan vere noko høgt frå loftet.
Eidabesta
Legg inn en kommentar