

Var på Ås igjen i forrige veke. Norges Landbruks Høgskole heiter no Universitetet for miljø og biovitenskap. De som besøkte oss på slutten av 80-talet kjenner vel att desse bygningane som ser ut akkurat som for 20 år sidan. Har mange minner frå studietida, men har gløymt mykje òg, og det er ikkje berre fag...:-)
2 kommentarer:
Det er i alle fall flotte bygningar og fine omgivnader på Ås. Eg trur aldri vi har vore der, men kanskje kjørt forbi? Det er noko spesielt ved det å "vende tilbake".Eg kan jo vende tilbake til mine høgskular kvar dag om eg vil-men det blir liksom ikkje heilt det samme.
Ja, det er ein vakker skule, hugsar parkanlegga, andedammen, gartneria og dei erverdige bygningane, nesten gamal engelsk stil. I og med at Kris vart fødd eit par år før de flytta attende til Eid, hadde vi oss fleire turar nedover. De hadde ei knøttlita studentleil., så vi hadde campingbil på parkerings-plassen og overnatta i den.
Eidabesta
Legg inn en kommentar