fredag 6. juli 2007

Veske for damer på vikingtokt (=shopping)

Det er no like før veska er ferdig. Berre montering står att. Sjå utsnitt av mønster! Av ein eller annan grunn ser to av fargane veldig blå ut på bilda. Dei er faktisk grøne, men skal prøve med eit anna kamera på det ferdige produktet.

Botnen på veska var største utfordringa. Det kunne kanskje ha vore litt betre forklart i mønsteret. Men då likskapen med Vikingskipet openbarte seg fekk damer på tur nesten ei ut av kroppen oppleving... Det kan ha vore synet av kjekke brannmenn som heldt til ved Vikingskipet som gjorde utslaget (Brannstasjonen kan skimtast i bakgrunnen), men sorry boy's, hekletøyet fekk nok mest oppmerksamheit likevel.


Etter å ha blitt utsett for kjøpepress (som eg naivt nok trudde eg skulle klare å stå imot...) frå Strikkemor(o) blei det handla garn på ein innhaldsrik butikk i Hamar sentrum. Etter litt "om og men" blei det klart at vesker er i skuddet for tida.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Veska di blir nesten like fin som mi! Kva skal du begynne på no?

Elin sa...

Flott veske blir det visst..dette er veldig bra! Spent på neste prosjekt. Du har vel i n g e n ufoar i krokar og kre du..eller?