onsdag 18. juli 2007

LilleMø, On the Wrong Side of the Road...?



Marinaen i Inverkip.
Bildet under viser huset vi skal bu i.
Laurdag går turen frå Torp til Glasgow med fly. Eldstemann er veldig glad for at han kan vere heime og passe hunden. Vi har leigd leilegheit for ei veke i ein liten by som heiter Inverkip som ligg på vestkysten litt sør for Greenock. Ser veldig fint ut på bilder. Glasgow skal vere shoppingby nr. 2 etter London i Storbritannia (og mykje billegare...) og det ser vi alle fram til. Elles håpar vi på å sjå veldig mange slott og flott natur. Dessutan er vi jentene ganske spent på menn i skjørt:-) Som einaste sjåfør i familien er LilleMø mest bekymra for korleis det kjem til å gå med leigebil og venstrekøyring. Men det er ganske mange millionar som klarar det, så det må vel gå det òg...

1 kommentar:

Elin sa...

Å så heldig du er LilleMø! Eg misunner deg verkeleg den turen, men den er deg vel unt...