Reiste frå Torp med Ryanair og landa på Glasgow Prestwick. Henta leigebilen på flyplassen og køyrde betenkt og i full konsentrasjon avstad med NeverLost System. Det gjekk heilt fint med rattet på høgre sida (gjekk litt i surr på første utgåve av reisebrevet...) og venstrekøyring! Men det er utruleg mange rundkøyringar i Skottland, også på motorvegen.
Fann lett fram til Inverkip der vi hadde ei flott leilegheit med alle fasiliteter. Sjølve landbyen var veldig liten, men marinaen var eksklusiv og Mercedes/BMW/Audi faktoren var høg i nabolaget.
Næraste "byen" var Largs. Har var det badebymiljø og mange pensjonistar, men lite utlendingar. Der var heldigvis eit stort supermarked, men t.d. mjøl var neste uråd å finne i butikken så baking driv visst lokalbefolkninga lite med. I Largs er der eit senter som heiter "Vikingar". Der fekk vi grundig innføring i våre forfedre sine herjingar i Skottland. http://www.naleisure.co.uk/default.aspx?pageID=50
Som erfaren ferjebrukar vakte den lokale ferja natuleg nok interesse. Spesielt den lettvindte måten dei la til "kai".I Glasgow vart det "Glasgow Science Center" og shopping. http://www.glasgowsciencecentre.org/ Mykje artig for både barn, tenåringar :-) og vaksne.
Var innom eit stort kjøpesenter med nærare 100 butikkar, men det var berre travelt...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar