tirsdag 26. august 2008

Det går i skjerf...

Etter utallige oppfordringar... Her er bilda av skjerfa eg har hekla i det siste (det var Strikkemoro(o) som sette meg på denne bølgja...) Victor i Ruffle Cravat, lang variant. Som de ser var han ganske furten over å få på seg dette. Ikkje så rart kanskje:-D
Ruffle Cravat i Tuva garn. Kort variant med knapp.
Det var dårleg tilgang på modellar så her måtte stjernekikkerten trå til. For dei som har etterlyst bilde etter malinga ser de her litt av ein vegg i vinterhagen. Dette Noe Noa skjerfet er hekla i garnet som er laga av melkeprotein.
Her er eit anna Noe Noa skjerf hekla i Tuva med perler (bomma av Strikkemor(o) sjølvsagt). Held no på eit grått Noe Noa skjerf (jada eg har begynt på nytt igjen...)

fredag 15. august 2008

Nytt beite

I går var det tid for flytte hestane til nytt beite for siste gang før dei skal på stallen igjen. Og då må straumgjerda takast ned og settast opp att, men har begynt å få dreisen på det no.Jentene med hestane før dei blir flytta frå beitet til Strikkemor(o) & co. Her har dei hatt det kjempeflott i sommar. Men der ligg att ein del hestesko og gjødsel...Don og Wendy på det nye beitet der dei også var tidlegare i sommar. Her har det no kome masse nytt grønt gras.

fredag 18. juli 2008

Malingsprosjekt nr 2... Gult er ikkje kult lenger...


Når ein brukar masse pengar på hest er det greitt å ha arbeidsferie heime... Etter å ha vore veldig fornøgd med gulfargen i gulestova (frå 1993) i ganske mange år, var tida overmoden til å male oppatt. Fargen er ikkje kvit slik som den ser ut på bildet. Meir mot det grøne faktisk. Det er mykje arbeid, men håpar å bli ferdige snart slik at vi rekk ein liten tur også...

Malingsprosjekt nr 1...Frå Sesam Stasjon til tenåring

I tur og orden har dei to eldre søskena flytta ut av barnerommet og på nye rom, medan Helene sat att på Sesam Stasjonsrommet frå 1993... På høg tid med oppussing når jenta snart blir tenåring. Ho fekk bestemme farge og sjølv vere med på å male.
Strålande fornøgd jente med sitt nye lysegrøne rom:-)

torsdag 17. juli 2008

Så vart det to likevel...

Det gjekk som dei fleste spådde...Det var ingen veg utanom, vi måtte kjøpe ein hest til. Etter litt fram og tilbake vart det Wendy som Ingrid har passa sidan i vår, og som er venninna til Don. Både selgar, kjøpar og hest vart kjempefornøgde:-) Wendy er reinrasa welsh cob og fødd i Wales. Ho er mor til ein svært lovande hingst så det spørs om vi må byrje med avl òg no...

søndag 1. juni 2008

Det går rundt og rundt for Lillemø...

I Trondheim spiste kollegane mine og eg middag på restauranten på toppen av Tyholt-tårnet. Diskusjonane var ganske intense om kva som eigentleg gjekk rundt. Nokre var kanskje enno meir i villrede når måltidet var over... Brukte visst ca 1 time på ei runde.
Frå Tyholt-tårnet hadde vi flott utsikt til solnedgangen. Fotografert bak vindusruta sjølvsagt.

Lillemø utforskar dyrelivet

Denne veka har eg vore på farten i jobb-samanheng. To interessante turar vart det. Måndag på veg til Trondheim: beitande moskus observert litt før Oppdal.
På Oppdal: besøkte lokalbefolkinga og fekk sjå jerv. Utstoppa i tilfelle nokon skulle tvile. Denne jerven skal vere ein av dei største som er skotne i Norge.
Skulle hatt med fleire bilder frå dyreriket av det som vart observert og konsumert i Trondheim f.eks den velkjende Bamsemumsen. Kan forsikre lesarane om at den smakte nydeleg rett frå samlebandet! Herleg herleg, men farleg farleg...:-D
Tysdag på Strynefjellet: reinsdyr med kalv. Dette bildet tok eg med mobilen gjennom vindusruta på minibussen. Reinsdyrflokken gjekk heilt attmed vegen.
Onsdag: "Å jeg vet en seter med så mange gjeter". Idyll i Kandalen.