Fekk denne kjempeflotte hekleboka som belønning etter at eg passa vesleguten til Strikkemor(o) medan ho var i London tidlegare i haust. Boka er kjøpt i Oxford Street.Veldig mange gullkorn og fasinerande titlar i denne boka:-)
Denne artige kokeboka kjøpte Strikkemor(o) til meg i Notting Hill. Bokhandelen heiter "Books for Cooks" og sel berre kokebøker.
3 kommentarer:
Det var kjekt at du likte heklaboka! Håper du lagar noko frå den andre boka og, og inviterer på kaffi og cupcake!!
Kor kjekt dette var då! Gledar meg til kaffiinvitasjon. Håpar det ikkje blir lenge til!
Ja, når det gjeld matlaging, er det vel ikkje så mange i familien som kan konkurrere med LilleMø her i vårt distrikt. Det ligg vel i genene? Synd at tida ikkje strekk til for deg heller - midt i livet.
Mamsen
Legg inn en kommentar