Malingsprosjekt nr 1...Frå Sesam Stasjon til tenåring
I tur og orden har dei to eldre søskena flytta ut av barnerommet og på nye rom, medan Helene sat att på Sesam Stasjonsrommet frå 1993... På høg tid med oppussing når jenta snart blir tenåring. Ho fekk bestemme farge og sjølv vere med på å male. Strålande fornøgd jente med sitt nye lysegrøne rom:-)
Vi tok ned Sesam Stasjon-gardinene i fjor eller forfjor. Sengesetta vart kasta etter å ha vore reparerte X-antal gongar. Det er som å sette strek for barndomen. No har vi eit bilteppe som ingen her vil ha.
2 kommentarer:
Nydeleg farge og fin ommøblering.
Gled meg til fredagane heretter!
Eidabesta
Vi tok ned Sesam Stasjon-gardinene i fjor eller forfjor. Sengesetta vart kasta etter å ha vore reparerte X-antal gongar.
Det er som å sette strek for barndomen.
No har vi eit bilteppe som ingen her vil ha.
Legg inn en kommentar