
I Trondheim spiste kollegane mine og eg middag på restauranten på toppen av Tyholt-tårnet. Diskusjonane var ganske intense om kva som eigentleg gjekk rundt. Nokre var kanskje enno meir i villrede når måltidet var over... Brukte visst ca 1 time på ei runde.

Frå Tyholt-tårnet hadde vi flott utsikt til solnedgangen. Fotografert bak vindusruta sjølvsagt.
3 kommentarer:
Å så masse fine bilete, og så 2 innlegg på ein dag, herligheten! Du er no heldig som får slike kjekke turar i jobbsamanheng.
Ja, det er somme som får svinga seg!Men det er no herleg å komme seg "ut" litt,då! Det nærmaste vi har kome utelivet i det siste var at vi tok med oss Bjørnaset-ungane på Kinarestaurant i går.Trur Ørsta har landets mest smaklause Kinarestaurant, men det gjeld ineteriøret, ikkje maten.
Ja, du har ein interessant, men travel jobb. Eg hadde mange turar til Trh. den tida eg hadde leiarjobb, det var ofte lagt inn noko ekstra - eks. Ringve, Lerkendal m.v. Eg føler meg nesten litt "snytt" i og med at eg ikkje har vore i Tyholt-tårnet, kanskje det ikkje var kome på den tida?
mamsen
Legg inn en kommentar