Det er kanskje risikabelt å gje seg ut på dette feltet når eg veit at minst 3 husstell-lærarar les bloggen min. Laga ein av mine favorittar til middag i dag, kyllingbryst med ratatouille. Svært sunn mat, men skeia ut med fløytegratinerte poteter som tilbehør. Angra berre på at eg ikkje brukte leirgryta mi til dette. Skal gjere det neste gang, har ein pose til med filetar i frysen. Blir fantastisk aroma med leirgryte eller kva seier de hustell-lærarar?
5 kommentarer:
Her manglar oppskrift! Ja, leirgryte er sikkert prima, skal krype inni skåpa og leite etter mi... helsing lærar i mat og helse.
Kylling er sunt og godt. Vi hamstra med oss ein del heim frå Sverige sist haust. Særleg likar eg filéane godt. Har variert kyllingrettane litt, for sjølve kjøttet er ikkje så smakfullt. Det må krydrast og tilsettast både det eine og det andre. Alle oppskrifter er interessante for ein eks-lærar i heimkunnskap (som det heitte i mi tid)som prøver å leve etter læra. Somme tider i alle fall.
Det ser godt ut!
Leirgryte er ein av dei få (?) tinga eg ikkje har. I dag kjøpte eg (utan å ha sett bloggen) ein pakke kyllingbryst på Lidl.Eg har kun kjøpt lår før,men såg at brysta var dyrare- og dermed betre? Kortare steiketid kanskje?
Vi er blitt mykje flinkare å bruke ulike grønsaker,steikte woka eller kokte.
p.s.
I mitt neste kjøken skal eg ha to steikeomnar, ein til lammelår og ein til fløytegratinerte poteter.....
Dette såg godt ut! Neste gong du lagar denne retten må du invitere systra di på middag!!
Little Sister
ja det såg kjempegodt ut!!
kristine og bodila
Legg inn en kommentar