søndag 12. august 2007
Long-term planning?
Etter at vikingsskipet nådde land byrja eg på oldemorsruter i "Tuva". Dette blir nok eit langtids- og innimellom-prosjekt. Veit ikkje kva det skal bli. Har fått forslag om babyteppe, men då blir det neppe til eige bruk :-)
LilleMø lagar luftslott?
Under blogg-treffet hos Lappetausa tidlegare denne månaden byrja eg på dette luftige prosjektet. Det skal bli ei jakke og er hekla i mandarin petit (mønsterhefte 0609 dame Sandnes Garn). Hadde sjølvsagt ikkje peiling på kva eg gav meg ut på. Og er enno ikkje heilt sikker på om eg har tolka mønsteret rett, men det liknar i allefall på eit kvart... Grunnen til overskrifta er for det første at heklinga stortsett berre er luftmasker, og for det andre at eg fryktar prosjektet hamnar i kista saman med alle dei andre ufo'ane...
Stjernemønsteret er bygd opp av luftmasker og nokre få fastmasker innimellom...

tirsdag 31. juli 2007
Shopping in Scotland
Forstår at det er ei viss interesse for kva LilleMø shoppa i Skottland. Kva var vel meir naturleg enn å finne ut meir om andre "cows"? Denne sjarmerande boka av Ulysses Brave inneheld mange flotte bilder av høglandsfe og visdomsord til ettertanke.
Når det gjeld "fabrics" som LilleMø gjekk til innkjøp av så passar det nok ikkje med bilder av desse på bloggen. Men eg kan informere om at der er mange fleire butikkar som sel lekkert undertøy enn stoffbitar og garn... Trur faktisk at det er mykje billegare også.
Dagens visdomsord frå boka:
"Celebrate your difference from the crowd, take pride in yourself"
Dagens visdomsord frå boka:
"Celebrate your difference from the crowd, take pride in yourself"
mandag 30. juli 2007
Edinburgh
Såg skuffande få menn med skjørt i Skottland, men møtte på denne unge mannen på "The Royal Mile" på veg opp til Edinburgh Castle. Han spelte for pengar slik at han kunne reise til Afrika...
Dagen vart avslutta med ein tur ned i underverdenen til "The Edinburgh Dungeon". Dette var nok eit av høgdepunkta for jentene på heile turen. Her var det både vampyrar, spøkelser og torturkammer, men alle kom velberga ut. http://www.thedungeons.com/
Edinburgh Castle
Det gjekk med ein heil dag til Edinburgh Castle og Edinburgh by også. Her var det enno fleire turistar enn i Stirling. Bildet under måtte eg også finne på internet. Jentene var no blitt veldig lei av steinslott... Eit av høgdepunkt på slottet var å sjå "Honours of Scotland" (kroningsregaliane) og "Stone of Destiny"
Utsikt frå slottet og ned på byen.
Mor og yngstejenta ved kanonene...

Jentene fatta mest interesse for "Dog Cementery", gravplassen for hundar som har vore i krig...
Utsikt frå slottet og ned på byen.Jentene fatta mest interesse for "Dog Cementery", gravplassen for hundar som har vore i krig...
Stirling Castle og Stirling by
Brukte ein dag på Stirling Castle og Stirling by. Her møtte vi for første gang store hopar av turistar frå utlandet. Bildet under har eg funne på internet, derfor er der litt finare vèr enn på resten av bilda. Stirling er ein koseleg by med mange butikkar så det blei litt shopping der òg...
Utsikt frå slottet mot "Wallace Monument" som kan skimtast midt i bildet.
Også utsikt frå slottet ned mot Stirling.
Fleire flotte hagar på slottsområdet.

Utsikt frå slottet mot "Wallace Monument" som kan skimtast midt i bildet.
I'm back!
Så er vi vel heime att etter ei flott veke i Skottland.
Reiste frå Torp med Ryanair og landa på Glasgow Prestwick. Henta leigebilen på flyplassen og køyrde betenkt og i full konsentrasjon avstad med NeverLost System. Det gjekk heilt fint med rattet på høgre sida (gjekk litt i surr på første utgåve av reisebrevet...) og venstrekøyring! Men det er utruleg mange rundkøyringar i Skottland, også på motorvegen.
Fann lett fram til Inverkip der vi hadde ei flott leilegheit med alle fasiliteter. Sjølve landbyen var veldig liten, men marinaen var eksklusiv og Mercedes/BMW/Audi faktoren var høg i nabolaget.
Yngstejenta i marinaen rett ved der vi budde.
Næraste "byen" var Largs. Har var det badebymiljø og mange pensjonistar, men lite utlendingar. Der var heldigvis eit stort supermarked, men t.d. mjøl var neste uråd å finne i butikken så baking driv visst lokalbefolkninga lite med. I Largs er der eit senter som heiter "Vikingar". Der fekk vi grundig innføring i våre forfedre sine herjingar i Skottland. http://www.naleisure.co.uk/default.aspx?pageID=50
Utsikt frå Largs mot nordvest.
Strandpromenaden i Largs.
Som erfaren ferjebrukar vakte den lokale ferja natuleg nok interesse. Spesielt den lettvindte måten dei la til "kai".
Reiste frå Torp med Ryanair og landa på Glasgow Prestwick. Henta leigebilen på flyplassen og køyrde betenkt og i full konsentrasjon avstad med NeverLost System. Det gjekk heilt fint med rattet på høgre sida (gjekk litt i surr på første utgåve av reisebrevet...) og venstrekøyring! Men det er utruleg mange rundkøyringar i Skottland, også på motorvegen.
Fann lett fram til Inverkip der vi hadde ei flott leilegheit med alle fasiliteter. Sjølve landbyen var veldig liten, men marinaen var eksklusiv og Mercedes/BMW/Audi faktoren var høg i nabolaget.
Næraste "byen" var Largs. Har var det badebymiljø og mange pensjonistar, men lite utlendingar. Der var heldigvis eit stort supermarked, men t.d. mjøl var neste uråd å finne i butikken så baking driv visst lokalbefolkninga lite med. I Largs er der eit senter som heiter "Vikingar". Der fekk vi grundig innføring i våre forfedre sine herjingar i Skottland. http://www.naleisure.co.uk/default.aspx?pageID=50
Som erfaren ferjebrukar vakte den lokale ferja natuleg nok interesse. Spesielt den lettvindte måten dei la til "kai".I Glasgow vart det "Glasgow Science Center" og shopping. http://www.glasgowsciencecentre.org/ Mykje artig for både barn, tenåringar :-) og vaksne.
Var innom eit stort kjøpesenter med nærare 100 butikkar, men det var berre travelt...
Abonner på:
Innlegg (Atom)