lørdag 26. januar 2008

Status quo ante bellum?


Igjen har eg fått visse kommentarar om at det er lenge sidan det har skjedd noko på bloggen min. Siste veka har eg blitt invadert av ein arme av slike (om nokon her skulle trekke forhasta slutningar vil eg berre påpeike at ein treng elektronmikroskop for å sjå noko slikt). Heldigvis er angrepet snart slått tilbake og då blir det forhåpentlegvis "Status quo ante bellum" igjen...
Sidan eg faktisk er blitt oppmoda om å dosere litt frå faget mitt, kan eg nemne for spesielt interesserte lesarar at figuren ovanfor også kan relaterast til jobben min. I min bransje kjempar vi mot slike invasjonar kvar dag. Virus som dette kan feste seg på "the good guys" altså melkesyrebakteriane og sette desse heilt ute av spel. Då kan det bli problem med til dømes ost og surmelkproduksjon.

lørdag 29. desember 2007

Mor og datter (tru det eller ei...)

Ja, det er fargeforskjellen eg tenkjer på altså:-) Mor og datter ynskjer alle God Jul. Her er vi mette og fornøgde etter pizza hos Strikkemor(o)

søndag 9. desember 2007

Gutta boys

Tenkte det var på tide at gutta fekk kome på bloggen òg (men ingen må fortelje det til dei...!). Dette er eit lite knippe av faste besøkjande på den berykta ungdomsklubben på loftet. Reknar med at trufaste lesarar kjenner dei fleste her. Sist eg kikka innom hadde dei 4 pc'ar i drift og var fleire enn dei som er med her... Måtte ommøblere på guterommet i dag fordi dei klaga på bordet. Ein av dei som sit sentralt i bildet påstod at han ikkje klarte å rette opp ryggen før han var komen opp på Høgjebakkane etter forrige besøk:-)

fredag 30. november 2007

A new beginning

Har blitt overtalt til å byrje på eit nytt strikkeprosjekt. Yngstejenta meinte det var på tide at ho fekk seg ny heimestrikka genser, og det er vel berre rett og rimeleg. Etter ein handletur med Strikkemor(o) falt valget på denne gamle klassikaren "Fana genser" i pt5, men i moderne fargar. Satsar på at masinga frå dei som les bloggen (= Gløppetanta...) vil føre til at eg klarer å fullføre dette prosjektet også:-)

Intermezzo

Frå grøne stjerner til blå buer...
Etter at stjernejakka vart ferdig fekk eg lyst til å hekle meir. Tilfeldigvis hadde eg litt blått garn kjøpt utan mål og meining på Lidl. Fann ei oppskrift på eit sjal og har kanskje nok garn eller så blir det improvisasjon. Kan kanskje bli fint til julekjolen?

søndag 18. november 2007

Jakka er ferdig!

Endeleg kl 2 natt til i dag vart eg ferdig med jakka. Heilt utruleg..., men trur faktisk eg kjem til å sakne stjerneprosjektet. Var veldig mange hindringar undervegs, men resultatet vart slett ikkje verst. Kva eg no skal finne på veit eg ikkje. Har holdt på med litt oldemorsruter i det siste, men det blir ikkje utfordrande nok etter dette...

lørdag 6. oktober 2007

Lost and Found

Har streva i møkna på fleire måtar i det siste... Skrytte av kor godt det gjekk med armen i forrige innlegg, men der gjekk eg på ein skikkeleg smell gitt! Fekk etter kvart store problem med å få mønsteret til å stemme når eg skulle hekle rundt og auke samstundes. Streva lenge med å få det til, men ga opp til slutt. Byrja heilt på nytt slik at eg no heklar fram og tilbake igjen, og aukar når eg ser det passar inn...
Neste nedtur vart når, ja tru det eller ei, tantekroken også forsvann inne i bilen ein stjerneklår morgon på ferja. Leita i fleire sprekker utan hell, og blei ganske fortvila. Men kroken var og blei vekke. Måtte til slutt finne fram ein gammal danske. Meiner den blei kjøpt på ferietur i Danmark heilt på byrjinga av 80-talet, men det hugsar kanskje Strikkemor(o) ? Er i allefall sikker på at ho hugsar kva den kosta.:-) (Må forresten bekjenne at eg har 2 gamle danskar, både Strikkemor(o) og LilleMø sin...) Etter å ha streva med den raude gamle dansken (med ein heilt håplaus krok) fann eg ut at eg måtte gjere eit nytt forsøk. Elles ville Luftslott problematikken på ny bli aktuell. Og tenk, etter diverse akrobatiske øvingar med lommelykt vart innsatsen krona med krok. And finally I can reach for the stars again.