No nærmar ferien seg dessverre slutten. Vèret har ikkje vore mykje å skryte av, men i går vart det omsider litt fint igjen. Har lenge hatt som mål å komme meg ein tur på Trollenykjen, og i går kom vi oss endeleg av gårde. Turen opp var lengre enn eg hadde trudd, men gjekk veldig bra. Nedatt var derimot ganske slitsomt. Hadde gløymt stavane mine så siste delen nedover blei ein lidelse... Stiv og støl i dag òg, men utsikta frå fjelltoppen var fantastisk! Og då meiner eg ikkje av LilleMø altså:-D
LilleMø på toppen og med Hyen-fjorden i bakgrunnen.
4 kommentarer:
Kjempeflotte bilde av den enorme utsikta. Eg har faktisk vore på Trollenyken to gonger.Du har vel høyrt om den andre turen min dit?Då Ambjørg og eg starta klokka 12 om kvelden for å sjå soloppgangen frå toppen? Før vi kom halvvegs, styrtregna det, men vi fullførte!Utsikta var heller skral.
Spreking! Mange som går på fjellet i sommar, har eg inntrykk av.
For ei imponerande utsikt! Ser heim att i både her og der...Eg er litt imponert av denne turen din, og litt misunneleg. Glad på dine vegne at du nådde målet ditt!
Vakre bilder og sprek dame m/hund og mann. Ikkje tvil om at fleire og fleire får augene opp for verdien av å vere ute i naturen. Kjekt at så mange finn vegen til fjells - gjer godt både for kropp og sinn.
Eidabesta
Legg inn en kommentar