
I dag er det 20 år sidan Kristoffer vart fødd på Rikshospitalet i Oslo. 3710 gram og 52 cm. Hugsar det veldig godt. Var midt i eksamenstida og eg skulle lese på fødeavdelinga... Delte rom med 5 andre damer så det var ikkje lett.

Her skal vi ut på vår første trilletur i Skogveien på Ås.

Mormor kunne knapt vente med å kome på besøk til sitt første barnebarn og etter 14 lange dagar var ho på plass. Det kom godt med for unge og uerfarne foreldre. Her er ho akkurat like gamal som eg er no...
8 kommentarer:
Vi gratulerer Kristoffer med 20-årsdagen.
Hugsar han godt frå han var baby-etter at de var komne heim til Eid.Og så meiner eg vi var i barnedåpen?
Koselege bilder, hugsar tlf. frå Roger tidleg om morgonen. Ja, det var ei travel tid for dykk, heim i pinsa til bryllup og barnedåp. Litt av eit maratonløp!
mamsen
Husker det godt jeg også - utrolig hvor fort tiden går... Tøffe tider - tøff jente! Klem fra Siri.
Beste Storebroren! <3
Så koselege bilder av Kristoffer, mamma og mormor! Hugsar kor spanande det var då eg såg Kris fyrste gongen i pinsa. Han var så lubben og fin, og han elska å bade i stampen på kjøkkenbenken hos mormor og morfar! Hilde
Etter å ha sett det fine bildet av deg i den raude jakka, trur eg du må skifte namn på bloggen frå LillMø til LilleBææ.
Det er koseleg, men vemodig å tenkje attende i tid. Ein har teke nokre tøffe tak, men det er mangt som går når ein er ung og optimistisk.
Takk for sist i gjebusfeiringa. Rart å tenkje tilbake, på den tida hadde vi sendt inn søknad om barn og! Akk, vemod! Tante.
Legg inn en kommentar