Okay då Strikkemor(o) så har eg kasta meg på bølgjeteppe bølgja... kjempemor(o). Målet no er at gamle ullufo'ar skal bli til eit varmt slumreteppe. Etter ein kikk i kista mi ser eg at det ikkje kjem til å bli naudsynt å supplere inn garn. Har lurt på å lage tema på teppet slik at kvar ufo får sitt eige område. Kvar dette garnet kjem frå? Sjå neste innlegg.
1 kommentar:
Kjekt at du har "noko å henge fingrane i"! Det blir fint, men kanskje litt stort arbeid å ta med i fergekøa etter kvart? Men du kan vel varme deg samtidig? Strikkemor er litt av ein Igangsetjar - ho held heile familien i "ånd" med sine prosjekt. Det er berre å henge seg på "bølgen".
mamma
Legg inn en kommentar