søndag 10. februar 2008

Gemini geminos quaerunt.....

Tvillingar søkjer kvarandre... Hugsar de det? "Tordivelen flyr i skumringen" av Maria Gripe og Kay Pollak gjekk som høyrespel på NRK Barnetimen i 1979 (trur eg det var...). Dette gjorde eit sterkt inntrykk på meg som ung jente. Fann ut at det var på tide å innvie jentene i ungdomens store drama. Så eg gjekk til innkjøp av lydboka. Helene var skeptisk i starten, men vart raskt hekta. Ho var sjuk i nokre dagar og låg då pal på sofaen, med øyretelefonar og hylte når det blei skummelt. Reaksjonen etterpå var at eg måtte kjøpe fleire slike med ein gang:-) Flott at det kan vere kjekt med noko anna enn data.

Begrepet "Tvillingane som søkjer kvarandre" stammar frå gresk mytologi og var dei to brødrene til den skjønne Helene. Dei stod kvarandre svært nær (tvillingsjeler har vi vel alle høyrt om...) Men tvillingane hadde kvar sin far, den eine var sonen til Zevs og berre han var udødeleg. Det førte til stor sorg når tvillingbroren som ikkje var gudeleg døydde. Zevs gjorde slik at tvillingane fekk leve saman igjen for evig tid på himmelen i stjerneteiknet "Tvillingane".

3 kommentarer:

Besta sa...

Enda ein lydbokentusiast i familien? Det er bra!Sjølv har eg lese fleire hundre(trur eg) lydbøker som eg låner på biblioteket.Har lydbøkene med meg kvar eg fer, både dag og natt!Det er kjekt å lese bøker på "gamlemåten" også, men dei flinke opplesarane tilfører ofte bøkene ein ekstra dimensjon!Den einaste innvendinga eg har når det gjeld yngre folk, er at dei kanskje ikkje utviklar lesedugleiken så godt som ved "vanlege" bøker. Men kanskje blir lesegleda større? Denne boka høyrest heilt fantastisk ut!!!

arieldog sa...

Den boka hugsar eg òg - frå laurdagsbarnetimen. Eg syntest den var ufatteleg spennande, men eg var så skuffa over slutten (hugsar den enno). Her i huset les vi "Anne fra Bjørkely" for tida, og det er kjekt både for store og små. Det er noko spesielt med bøker frå eigen oppvekst, og her i huset blir ein visst aldri for gammal til å bli lesen for.

arieldog sa...

Den boka hugsar eg òg - frå laurdagsbarnetimen. Eg syntest den var ufatteleg spennande, men eg var så skuffa over slutten (hugsar den enno). Her i huset les vi "Anne fra Bjørkely" for tida, og det er kjekt både for store og små.