søndag 3. februar 2008

Ei iskald helg....

Denne helga har jentene vore på kurs i Mounted Games, leik på hesteryggen... Veldig artig for deltakarane, men iskaldt for oss som sat på tribuna. Det var nok minusgrader inne i ridehallen. Sjølv om eg hadde dobbel ull (2 ullstilongs, 2 ulltrøyer og 2 par ullsokkar) vart dette ein kald fornøyelse både laurdag og søndag. Helene deltok med hesten vår Don, medan Ingrid hadde fått lånt ein fjording som heiter Mathilde.
Don og Helene i stallen.
Ikkje noko å seie på kommunikasjonen her:-)

5 kommentarer:

solveig sa...

Det ser ut som jentene har det kjekt. Tenk å ha eigen hest! Elles forstår eg akkurat kva du snakkar om.Eg har skaffa meg termodress til fotballkampar og friidrett ute. Viss nokon ser rart på ein når ein kjem, endar dei opp til å bli misunnelege.

Anonym sa...

Haha! Lær å kle på deg, gamle mor :) xp Hest e kjekt, å det veit eg at du og synst !

STRIKKEMOR(O) sa...

Du må nok kjøpe deg varmedress og skinnlue til neste gong!

arieldog sa...

Etter å ha tilbragt nokre timar ringside på hundeutstilling, har eg no lært ein del om medbragt stol og Statoilkrus i tillegg til tjukke klede. Dette fungerer også fint på fotballkamp. Kjekt at jentene har ei slik interesse for hest!

Anonym sa...

mamma korfor har det stygge bilde på bloggen din?
Og det verste er at du ikkje spurte om lov fyrst! Den hjelmen ser ut som ein svart melon opp på det litte ekle haude ditt.
Helsing Lille mora di.