
Igjen har eg fått visse kommentarar om at det er lenge sidan det har skjedd noko på bloggen min. Siste veka har eg blitt invadert av ein arme av slike (om nokon her skulle trekke forhasta slutningar vil eg berre påpeike at ein treng elektronmikroskop for å sjå noko slikt). Heldigvis er angrepet snart slått tilbake og då blir det forhåpentlegvis "Status quo ante bellum" igjen...
Sidan eg faktisk er blitt oppmoda om å dosere litt frå faget mitt, kan eg nemne for spesielt interesserte lesarar at figuren ovanfor også kan relaterast til jobben min. I min bransje kjempar vi mot slike invasjonar kvar dag. Virus som dette kan feste seg på "the good guys" altså melkesyrebakteriane og sette desse heilt ute av spel. Då kan det bli problem med til dømes ost og surmelkproduksjon.
5 kommentarer:
Litt høgtflytande for meg, men interessant. Trur vesleguten på os har fått ein snev også. Han sov på sofaen her og var varm i panna då eg kom frå oldemor. Besten og Ole var barnevakt.
God natt. Eidabesta
Kjekt med nytt innlegg sånn i starten av nyeåret!!
Kom igjen, skriv meir...
Hei LilleMø Audny! Så kjekt å høre fra deg :-) Figuren husker jeg godt fra mikrobiologien - jeg forestilte meg alltid at han hadde ansikt og kunne danse.
Stor klem fra Siri.
Eg veit ikkje om det var ein slik som gjorde det, men heile maskina vår kræsja. Kjøpte ny i går! Har enno litt begynnervanskar. Kjekt å sjå at du er online igjen.Kom gjerne med ein leksjon frå mikrobiologien.Kan vere greitt å utvide horisonten.
Var i eit selskap i går der vi mellom anna fekk lefse og gombe.Vertinna hadde kjøpt gomba i Stryn, men meinte den var laga på Breim. Lagar de gombe på meieriet der? Eller er den privatprodusert?
Legg inn en kommentar