søndag 9. desember 2007

Gutta boys

Tenkte det var på tide at gutta fekk kome på bloggen òg (men ingen må fortelje det til dei...!). Dette er eit lite knippe av faste besøkjande på den berykta ungdomsklubben på loftet. Reknar med at trufaste lesarar kjenner dei fleste her. Sist eg kikka innom hadde dei 4 pc'ar i drift og var fleire enn dei som er med her... Måtte ommøblere på guterommet i dag fordi dei klaga på bordet. Ein av dei som sit sentralt i bildet påstod at han ikkje klarte å rette opp ryggen før han var komen opp på Høgjebakkane etter forrige besøk:-)

5 kommentarer:

Anonym sa...

Artig foto, ikkje rart det har vore stille og fredeleg her i dag!
Eidabesta

Anonym sa...

Staiili :D

Elin sa...

Endeleg gutta boys, ja!! Fint bilde. Men tru kva dei styrer med??

Besta sa...

Synest å dra kjensel på dei fleste her, men han heilt til venstre høyrer vel ikkje til familien? Eller er eg på blåbærtur - igjen?

STRIKKEMOR(O) sa...

Fint bilde av guttegjengen på loftet! Ser ut til at dei har det sosialt og kjekt her!