Okay då Strikkemor(o) så har eg kasta meg på bølgjeteppe bølgja... kjempemor(o). Målet no er at gamle ullufo'ar skal bli til eit varmt slumreteppe. Etter ein kikk i kista mi ser eg at det ikkje kjem til å bli naudsynt å supplere inn garn. Har lurt på å lage tema på teppet slik at kvar ufo får sitt eige område. Kvar dette garnet kjem frå? Sjå neste innlegg.søndag 24. februar 2008
LilleMø på djupt vatn eller surfande på ei bølgje?
Okay då Strikkemor(o) så har eg kasta meg på bølgjeteppe bølgja... kjempemor(o). Målet no er at gamle ullufo'ar skal bli til eit varmt slumreteppe. Etter ein kikk i kista mi ser eg at det ikkje kjem til å bli naudsynt å supplere inn garn. Har lurt på å lage tema på teppet slik at kvar ufo får sitt eige område. Kvar dette garnet kjem frå? Sjå neste innlegg.søndag 10. februar 2008
Kyllingbryst på morsdagen
Det er kanskje risikabelt å gje seg ut på dette feltet når eg veit at minst 3 husstell-lærarar les bloggen min. Laga ein av mine favorittar til middag i dag, kyllingbryst med ratatouille. Svært sunn mat, men skeia ut med fløytegratinerte poteter som tilbehør. Angra berre på at eg ikkje brukte leirgryta mi til dette. Skal gjere det neste gang, har ein pose til med filetar i frysen. Blir fantastisk aroma med leirgryte eller kva seier de hustell-lærarar?Gemini geminos quaerunt.....
Tvillingar søkjer kvarandre... Hugsar de det? "Tordivelen flyr i skumringen" av Maria Gripe og Kay Pollak gjekk som høyrespel på NRK Barnetimen i 1979 (trur eg det var...). Dette gjorde eit sterkt inntrykk på meg som ung jente. Fann ut at det var på tide å innvie jentene i ungdomens store drama. Så eg gjekk til innkjøp av lydboka. Helene var skeptisk i starten, men vart raskt hekta. Ho var sjuk i nokre dagar og låg då pal på sofaen, med øyretelefonar og hylte når det blei skummelt. Reaksjonen etterpå var at eg måtte kjøpe fleire slike med ein gang:-) Flott at det kan vere kjekt med noko anna enn data.Begrepet "Tvillingane som søkjer kvarandre" stammar frå gresk mytologi og var dei to brødrene til den skjønne Helene. Dei stod kvarandre svært nær (tvillingsjeler har vi vel alle høyrt om...) Men tvillingane hadde kvar sin far, den eine var sonen til Zevs og berre han var udødeleg. Det førte til stor sorg når tvillingbroren som ikkje var gudeleg døydde. Zevs gjorde slik at tvillingane fekk leve saman igjen for evig tid på himmelen i stjerneteiknet "Tvillingane".
søndag 3. februar 2008
Ei iskald helg....
Denne helga har jentene vore på kurs i Mounted Games, leik på hesteryggen... Veldig artig for deltakarane, men iskaldt for oss som sat på tribuna. Det var nok minusgrader inne i ridehallen. Sjølv om eg hadde dobbel ull (2 ullstilongs, 2 ulltrøyer og 2 par ullsokkar) vart dette ein kald fornøyelse både laurdag og søndag. Helene deltok med hesten vår Don, medan Ingrid hadde fått lånt ein fjording som heiter Mathilde.
Don og Helene i stallen.
Ikkje noko å seie på kommunikasjonen her:-)
lørdag 26. januar 2008
Status quo ante bellum?

Igjen har eg fått visse kommentarar om at det er lenge sidan det har skjedd noko på bloggen min. Siste veka har eg blitt invadert av ein arme av slike (om nokon her skulle trekke forhasta slutningar vil eg berre påpeike at ein treng elektronmikroskop for å sjå noko slikt). Heldigvis er angrepet snart slått tilbake og då blir det forhåpentlegvis "Status quo ante bellum" igjen...
Sidan eg faktisk er blitt oppmoda om å dosere litt frå faget mitt, kan eg nemne for spesielt interesserte lesarar at figuren ovanfor også kan relaterast til jobben min. I min bransje kjempar vi mot slike invasjonar kvar dag. Virus som dette kan feste seg på "the good guys" altså melkesyrebakteriane og sette desse heilt ute av spel. Då kan det bli problem med til dømes ost og surmelkproduksjon.
lørdag 29. desember 2007
Mor og datter (tru det eller ei...)
søndag 9. desember 2007
Gutta boys
Tenkte det var på tide at gutta fekk kome på bloggen òg (men ingen må fortelje det til dei...!). Dette er eit lite knippe av faste besøkjande på den berykta ungdomsklubben på loftet. Reknar med at trufaste lesarar kjenner dei fleste her. Sist eg kikka innom hadde dei 4 pc'ar i drift og var fleire enn dei som er med her... Måtte ommøblere på guterommet i dag fordi dei klaga på bordet. Ein av dei som sit sentralt i bildet påstod at han ikkje klarte å rette opp ryggen før han var komen opp på Høgjebakkane etter forrige besøk:-)
Abonner på:
Innlegg (Atom)
